|
Vi har gitt ut 11 små bøker med Unni-Lise Jonsmoens strek og Ola Jonsmoens tekst. Bøkene har lune skråblikk på hverdagen og en fine smågaver.
Bøkene koster kr 75,- pr. stk.
EKTESKAPSBOKA
"Ekteskapet er rosemåla dei tre første åra. Deretter er det fleire som vil bytte, men halvparten endar som antikvitetar likevel."
Eksteskapsboka. Bruksanvisning" utkom i 2011.
DAGBOKA
"Å vere sur på seg sjøl går fort over. Verre er det å vere sur på andre. Det går aldri over har du slekt på Hedemarken."
"Dagboka. Ei hjelpebok for optimistar, folk med kjærleikssorg og for småbrukarar" utkom i 2010.
Den naturvenlege HAGEBOKA
"Det nyttar ikkje å gå til tannlegen med løvetann. Rotfylling er bortkasta. Gjer jobben sjøl. Rykk tanna opp med rot."
I 2009 utkom "Den naturvenlege hageboka".
ANSIKTSLØFTEBOKA
"Lag så ei arbeidsteikning. Du må vere din eigen designar. Når det er gjort, kan du oppsøke kirurgen."
I 2007 utkom "Ansiktsløfteboka. Eit kunnskapsløft for folk som vil forandre sin skjebne".
Den vesle BYGDEBOKA
"Folk som kan å skrive gode søknader får offentleg støtte. Det er ein kunst, og vi får fleire og fleire kunstnarar som kan kunsten."
"Den vesle bygdeboka" utkom i 2004 og "er ei bygdebok som kan høve over alt".
LOMMEBOKA ei hjelpebok
"Du treng eit motto. For eksempel: Blakk og lykkeleg.".
"Lommeboka. Ei hjelpebok" for folk uten inntekt utkom i 2003.
MINNEBOKA stutt versjon
"Ha brillene på deg dag og natt. Ikkje ta dei av og på. Det skulle bli oppstyr om ein tok ut og inn tennene og glømte kvar ein la dei, i bokhylla eller på kjøleskapet eller rett og slett hengte dei på knaggen i gangen."
Minneboka utkom i 2001.
Den nye SJUKEBOKA
"Ingenstad møter du så mange med felles interesser som på venterommet til doktoren. Kjem du med ein sjukdom har du tre-fire når du går att."
Den fjerde småboka er ei "Handbok og oppslagsbok" for de sjuke. Boka utkom første gang i 1998.
Den store MØTEBOKA
"Eit av våre største samfunnsproblem er møte. Folk sit i møte, seint og tidleg. Oftast seint, til langt på natt. Møte er den minst naturlege samværsform som fins. Når så mange elskar møte har det ulike årsaker, som vi skal kome nærare inn på i detalj. Men ein grunn vil vi nemne alt her: Folk må ha glede av å plage andre." (Fra forordet i boka.)
"Den store møteboka. Erfaringar og gode råd" kom ut i 1997.
LANGPOTETA matglede og kvardagslykke
"Gå ikkje på dans med stor langpotet i bukselomma. Det kan mistydas. Legg poteta frå deg i garderoben. Da er du på den sikre sida."
Les mer om "Filosoferingar og bruksmåtar" i Langpoteta som utkom i 1996.
SKJOLDLUA kvardagsbruk og brukskunst
"Når ein ikkje brukar lua som BH, kan ho brukast til å drikke HB av. Det er ein gammal tradisjon, men ein skal ikkje etterpå skylde på lua om ein får vondt i hue."
Den første småboka med "Oppskrifter og erfaringar" om skjoldlua utkom i 1993.
|
|
|